|
Denne nettstaden er utvikla av Åshild Dale og Jostein Sande som, med utgangspunkt i gardsbruket i Dale og setra i Herdalen, tilbyr opplevingar, aktivitetar og lokalt foredla mat. Herdalen og Herdalssetra har óg andre tilbod: jakt og fiske, villmarkscamp, overnatting i sel og servering av seterkost, og du finn her lekkjer og informasjon om dette nedanfor. Jakt og fiske Fiske: Herdal gard grunneigarlag tilbyr ørretfiske i Herdalsvatnet og resten av det ikkje lakseførande vassdraget i samarbeid med grunneigarlaget i Dale. Fiskekort får ein kjøpt ved bomkassa på Herdalsvegen og på Kaffistova på Herdalssetra. Spennande fiskevatn finn ein og i høgfjellet, i Nøre-Herdalen, Grjotdalen og Vassdalane. Rypejakt: Grunneigarlaget tilbyr óg rypejakt frå 15. september.
Overnatting i sel Fleire av seterhusa i Herdalen er til utleige, og det er ei oppleving å bu på stølen og på den måten kome inn i setermiljøet. Sela har ulik alder og storleik, antal sengeplassar frå 3-9. Utstyrt med dyner og puter, men trekk må gjestane ha med, dersom ikkje anna er avtalt. Sela har naudsynt kjøkenutstyr, gassbluss til matlaging og vedomn til oppvarming. Kaffistova organiserer utleige, men ein del blir også leigd ut direkte. Prisar: Bestilling/kontakt Tlf. 90 53 44 19
Kaffistova på Herdalssetra Herdal Beitelag organiserer drifta av Kaffistova i sommar, der budeiene vil servere tradisjonell setermat. Sesongopning og opningstider vil bli gjort kjent med det første.
Villmarkscamp Området framanfor vatnet, eit lunt skogsområde mellom vegen og elva, er attraktivt for kortare opphald. Grunneigarlaget arbeider med å tilretteleggje ein villmarkscamp, med organisering av parkering, sanitæranlegg og avfallshandtering. Prisar og anna informasjon vil bli gjeve ved vegbommen, ved merka parkering i Herdalen og i Kaffistova. Grunneigarlaget kan kontaktast om det trengst ytterlegare informasjon. (Sjå kontaktpersonar/tlf. for grunneigarlaget ovanfor). |
|||